Fre
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Flau vind fra Sør 1.3 m/s 
Trykk: 1010.4
Dato: 19.07.2019
16°
Lør
Regn
Nedbør: 2.4 mm
Vind: Svak vind fra Aust-søraust 1.7 m/s 
Trykk: 1012.9
Dato: 20.07.2019
18°
Søn
Regn
Nedbør: 1.2 mm
Vind: Svak vind fra Nord-nordaust 2.0 m/s 
Trykk: 1008.3
Dato: 21.07.2019
15°
Man
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Sør-sørvest 2.1 m/s 
Trykk: 1014.3
Dato: 22.07.2019
24°
Tirs
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Vest 3.0 m/s 
Trykk: 1015.0
Dato: 23.07.2019
26°
Bø StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailOm Bø

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Bø Kommune
Finn Bø
Jobb Bø
Leie Bø
NRK Telemark
TA
Torget Bø
Varden

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Gode besøkstal for vikingbyenNRK Sogn og Fjordane
To år etter opninga av vikingbyen i Aurland er det ein stadig aukande invasjon av turistar, skriv avisa Porten. Turistmagneten har allereie blitt ein heilårsattraksjon. ? Det går gjetord om denne byen her over heile verda. Alle som er opptekne av levande historie vil oppleve staden, seier Frode Tufte i Gudvangen Utvikling.
2019-07-19 16:17:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna att etter bilbergingNRK Sogn og Fjordane
Lærdalstunnelen på E16 gjennom Lærdal er opna for fri ferdsle. Tunnelen var ein kort periode stengd som følgje av bilberging.
2019-07-19 13:17:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oppkjøpt for 790 millionar kronerNRK Sogn og Fjordane
Sjømatselskapet Mowi kjøper K. Strømmen Lakseoppdrett i Bremanger for 790 millionar kroner. Det skriv ilaks.no. Familiebedrifta som held til i Rugsund, blei lagt ut for sal i byrjinga av juni. Selskapet produserer årleg 5.500 tonn laks og omsette i fjor for 170 millionar kroner. Oppkjøpet må godkjennast av norske konkurransemyndigheiter.
2019-07-19 10:55:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vakna opp i arrestenNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra måtte overnatte i arresten på Nordfjordeid. Mannen blei pågripen i går kveld inne på festivalområdet til Malakoff. Han var godt rusa. Politiet opplyser at mannen var utagerande og slo kring seg blant festivalpublikumet.
2019-07-19 07:54:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mistenkt for rusa køyringNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra blei i natt stoppa av politiet på Lote i Eid kommune. Han blir meldt for å ha køyrd i påverka tilstand, skriv politiet på Twitter.
2019-07-19 05:21:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Normal drift på Lavik?OppedalNRK Sogn og Fjordane
Frå klokka 21:40 går trafikken som vanleg på ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal på E39, melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.
2019-07-18 21:45:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferje innstilt på Lavik?OppedalNRK Sogn og Fjordane
På ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal på E39 er rute B innstilt inntil vidare på grunn av tekniske problem, melder Norled.
2019-07-18 20:58:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 20.55 her NRK Sogn og Fjordane
2019-07-18 20:51:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mannen er framleis saknaNRK Sogn og Fjordane
Redningsmannskapa leitar framleis etter mannen som fall over bord frå ein fritidsbåt utanfor Dale. ? Det er naturleg at vi trappar ned søket når det blir dårlegare lys, men vi kjem til å halde fram søket i morgontimane, opplyser innsatsleiar i politiet, Øystein Russenes til NRK like før klokka 19.
2019-07-18 19:13:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
2019-07-18 18:46:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lastebil i grøftaNRK Sogn og Fjordane
Ein lastebil sperrer vegen for større køyretøy på fylkesveg 609 i Stongfjorden i Askvoll. Lastebilen står halvvegs ute i grøfta og kjem ingen veg. Den smale vegen gjer at det berre er personbilar som kan passere, melder NRK-tipsar. Vegtrafikksentralen Vest fortel at bilberging er bestilt.
2019-07-18 16:20:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Behandlar meir alvorlege sakerNRK Sogn og Fjordane
Konfliktrådet i Sogn og Fjordane behandlar fleire og meir alvorlege saker, skriv Firda. Tala frå første halvår viser at konfliktrådet har teke imot 69 saker. Det er ei auke på 12 frå året før. Det er flest saker som handlar om vald. Seks ungdommar har fått ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging i første halvdel av 2019, skriv avisa.
2019-07-18 15:23:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Spytta og sparka mot politietNRK Sogn og Fjordane
Ei kvinne i slutten av tenåra er dømd til fengsel i 30 dagar, med prøvetid på to år. I oktober i fjor spytta og sparka kvinna mot politibetjentar då dei ville ransake henne. På kvinna fann politiet ti gram MDMA. Retten fann det formildande at kvinna har erkjent forholda.
2019-07-18 12:25:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna att etter bilbergingNRK Sogn og Fjordane
Naustdalstunnelen på riksveg 5 mellom Førde og Florø er opna att. Tunnelen var ei kort tid stengd grunna bilberging.
2019-07-18 11:02:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mista lappen i 40-sonaNRK Sogn og Fjordane
Ein bilførar er fråteken førarkortet etter ein fartskontroll i Erlevegen i Førde i dag tidleg. I tillegg fekk ein bilførar bot for høg fart. Høgste målte fart var 67 km/t i 40-sona.
2019-07-18 08:30:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fryktar lus øydelegg levebrødetNRK Sogn og Fjordane
Elveeigar Knut Munthe Olsen i Sogndal frykter lakselus og oppdrettslaks vil ødelegge levebrødet hans. Det skriv Bergens Tidende. Olsen leiger ut fiskerettar i Årøyelva, og fleire av turistane hans har fått luse-infisert oppdrettslaks på kroken. No fryktar Olsen at villaksstammen han har opparbeidd over mange år, kan bli øydelagd.
2019-07-18 07:35:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Siger for Noreg mot ChileNRK Sogn og Fjordane
Glopparen Leander Myklebust Seime og Noreg slo kraftig tilbake etter eittmålstapet for Danmark i opningskampen i junior-VM i handball. I går vart det 36?25 over Chile. Seime, som spelar for FyllingenBergen scora tre av måla. Fredag møter Noreg Island.
2019-07-18 05:21:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hadde ikkje skrantesjukeNRK Sogn og Fjordane
Ei villreinsimle som blei felt i Nordfjella sone 1 testa negativt for skrantesjuke, melder hjortevilt.no. Det same området blei tømt for villrein på grunn av den frykta sjukdomen i februar i fjor. ? Det er uvisst om simla som vart felt i helga har gått inn i sona etter at uttaket vart avslutta i fjor, seier fellingsleiar i SNO, Petter Braaten.
2019-07-17 21:34:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55 her NRK Sogn og Fjordane
2019-07-17 20:47:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil bli trenarNRK Sogn og Fjordane
Brann-spelar Azar Karadas frå Nordfjordeid vurderer ei framtid som trenar. 37-åringen har siste åra spelt på eittårskontraktar i bergensklubben, og veit ikkje sjølv når han legg fotballskoa på hylla. Karadas seier at lysta til å bli trenar er stor.
2019-07-17 19:59:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
2019-07-17 18:34:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kystvakta til festivalNRK Sogn og Fjordane
Politiet har kalla inn Kystvakta til årets Malakoff på Nordfjordeid. Festivalen har dei siste åra hatt 30.000 besøkande, og stadig fleire av desse kjem sjøvegen. Politioverbetjent Roger Gundersen seier at Kystvakta blir politiets forlenga arm på sjøen.
2019-07-17 18:06:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengte tunnel på E39NRK Sogn og Fjordane
Jernfjelltunnelen på E39 i Gulen var stengt på grunn av bilberging, men er no open att, melder Statens vegvesen.
2019-07-17 17:02:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stenger tunnel på E39NRK Sogn og Fjordane
På grunn av bilberging vert Jernfjelltunnelen på E39 i Gulen stengt i 10 minutt, melder Statens vegvesen.
2019-07-17 16:47:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tilhengar står skummelt tilNRK Sogn og Fjordane
På rv. 5 mellom Førde og Naustdal står det ein tilhengar i vegbana. Tilhengaren kan komme brått på bilistar.
2019-07-17 16:10:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Naustdaltunnelen open igjenNRK Sogn og Fjordane
Naustdaltunnelen på riksveg 5 er no open for fri ferdsel att.
2019-07-17 13:44:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Syklist i tunnelNRK Sogn og Fjordane
Naustdaltunnelen på riksveg 5 er stengd på grunn av ein syklist inne i tunnelen. Politiet er på veg til staden.
2019-07-17 13:13:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i HøyangerNRK Sogn og Fjordane
Ein motorsykkel har sklidd og køyrt ut av vegen i Høyanger, melder politiet. Ulukka har skjedd ved Svartemyr. Føraren skal vere oppegåande, og ambulanse og politi er på veg.
2019-07-17 12:16:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tuftåstunnelen er openNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen melder at Tuftåstunnelen på E16 i Lærdal er opna att.
2019-07-17 12:12:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk råd frå brorenNRK Sogn og Fjordane
Då AC Milan ville hente Stine Hovland, gav broren Even henne eit tydeleg råd, skriv Bergens Tidende. ? Eg sa at om ho fekk moglegheita så måtte ho reise uansett. Du får opplevingar du ikkje vil få i Noreg, seier han til avisa.
2019-07-17 11:34:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Enda ein tunnel stengd på E16NRK Sogn og Fjordane
Tuftåstunnelen på E16 i Lærdal er stengd på grunn av stein i vegbanen, melder Statens vegvesen. Ein entreprenør er på veg til staden for å rydde opp.
2019-07-17 10:53:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Joggaren er ute av tunnelenNRK Sogn og Fjordane
Flenjatunnelen på E16 er open att. Joggaren har jogga ut av tunnelen.
2019-07-17 10:51:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Joggar i vegenNRK Sogn og Fjordane
Flenjatunnelen på E16 i Aurland er stengd på grunn av ein person som joggar inne i tunnelen, i retning Gudvangen. Politiet er på veg.
2019-07-17 10:24:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hest i vegenNRK Sogn og Fjordane
Ein hest står midt i vegen på E39 mellom Byrkjelo og Reed. Det melder politiet, som no prøver å finne eigaren av fjordhesten.
2019-07-17 08:43:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Båt sokk i VågsøyNRK Sogn og Fjordane
To personar vart berga frå ein båt som sokk like sør for Måløy, skriv Firda. Politiet seier at ein tysk seglbåt kom til og redda dei to. Båten sokk, og ligg på 95 meters djupne, seier Per Algrøy i Vest politidistrikt. Dei to personane skal vere uskadde. Det er oppretta sak på hendinga.
2019-07-17 08:28:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har starta måling i FlåmNRK Sogn og Fjordane
Aurland kommune har førebels ikkje målt urovekkande dårleg luftkvalitet i Flåm. Kommunen og hamnevesenet har investert i to sensorar, og prosjektleiar Gudny Flatabø seier dei har gjort seg gode erfaringar gjennom tre veker med målingar. ? Det er stort sett god luftkvalitet.
2019-07-17 05:39:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Røykte hasj før køyreturNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i slutten av tenåra røykte hasj før han la ut på ein tre timar lang køyretur. Mannen blei stoppa i Sogn, og blodprøven viste ein ruspåverknad tilsvarande minst 0,5 promille. Han blei også dømd for å ha kjøpt og røykt hasj ved fleire høve. Straffa er ei bot på 15.000 kroner, og å måtte klare seg utan førarkort i eitt år.
2019-07-17 05:33:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 20.55 herNRK Sogn og Fjordane
2019-07-16 20:37:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må betale 40.000 kroner i bot NRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 40-åra busett i Nordfjord må betale 40.000 kroner i bot. Mannen vart ein søndagskveld i mai i år stogga bak rattet med ein promille på 1,86. I tillegg til bota må han sone 21 dagar i fengsel og klare seg to år utan førarkort.
2019-07-16 19:50:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tunnel i Aurland gjenopnaNRK Sogn og Fjordane
Fv 59 Berdalstunnelen i Aurland kommune som var stengd på grunn av oppryddingsarbeid, er no gjenopna.
2019-07-16 17:37:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politiet må vente med SnapchatNRK Sogn og Fjordane
Politiet blir likevel ikkje å finne på det sosiale mediet Snapchat under dei store festivalane i fylket i år. Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, var i vinter optimist med tanke på akkurat det. Men etableringa av nettpatruljen har gått seinare enn venta slik at politiet må oppretta ei lokal løysing på messenger for å kommunisere med festivalpublikumet. ? Det har teke lengre tid enn venta å få på plass den tekniske løysinga og folk i stillingane. Dette må vere på plass før også vi kan ta i bruk dei same verktøy som vart brukt under festival i Kristiansand og Bodø med veldig gode resultat, seier Johannessen.
2019-07-16 17:34:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrefelt gjenopnaNRK Sogn og Fjordane
På Ev 39 Aarbergsdalen, ved Sande i Gaular, er det no igjen fri ferdsel etter at eit køyrefelt tidlegare vart stengd grunna bilberging.
2019-07-16 16:16:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Teken på nytt med narkotikaNRK Sogn og Fjordane
For tredje gang i juni og juli er sunnfjordingen i 20-åra pågripen for grovt narkotikalovbrot. Mannen som i august skal møte i retten i ei tilståingssak, vart søndag pågripen med ei mindre mengde hasj, amfetamin, ecstasy og dopingmidlar. Mannen er også sikta for å ha brukt narkotika. Grunna fare for gjentaking får politiet halde på mannen til saka i august skal opp i tingretten.
2019-07-16 16:03:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrefelt stengt NRK Sogn og Fjordane
På Ev 39 Aarbergsdalen, ved Sande i Gaular kommune, er eit køyrefelt inntil vidare stengt grunna bilberging.
2019-07-16 15:13:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No kjem regnet tilbakeNRK Sogn og Fjordane
2019-07-16 12:56:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Delvis måneformørking i kveldNRK Sogn og Fjordane
I kveld og i natt er det mogleg å oppleve ei delvis måneformørking dersom vêret tillèt det. Meir enn halvparten av månen vil bli formørka. Formørkinga vil vere størst klokka 23.31.
2019-07-16 10:34:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen postlisterNRK Sogn og Fjordane
Dokumenta til fellesnemnda for nye Sogndal kommune har ikkje vore offentleg tilgjengelege, skriv Sogn Avis. Prosjektrådmann Stig Arne Thune seier til avisa at det vil bli retta opp i etter ferien.
2019-07-16 09:50:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dømd for narko-kjøpNRK Sogn og Fjordane
Ein nordfjording i 20-åra må åtte månader i fengsel etter å ha kjøpt og oppbevart narkotika. Han køyrde også moped i rusa tilstand, og utan at han hadde førarkort. Mannen må også betale ei bot på 6.000 kroner i bot og får sperrefrist for alltid for å ta førarkort.
2019-07-16 05:51:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trur på godt epleårNRK Sogn og Fjordane
Det blir mykje eple i år, skriv forsking.no. Fruktrådgjevar Endre Bjotveidt hos Norsk Landbruksdrådgiving Vest seier at generelt er eplehausten veldig lovande på Vestlandet. ? Alle sortar har godt med eple, seier han.
2019-07-16 05:44:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann på Esso i StrynNRK Sogn og Fjordane
Det byrja å brenne i ei frityrgryte på Esso Stryn. Eigar har sløkt brannen på eiga hand, og er no sendt til legevakta etter å ha fått røyk i lungene undervegs i brannen.
2019-07-15 21:57:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nøgde med badevatnet i LusterNRK Sogn og Fjordane
Ferske prøvar av Lustrafjorden viser at kvaliteten på vatnet er god, skriv Luster kommune på nettsida si. Dei har sjekka badevatnet ved dei tre kommunale badeplassane i Skjolden, Luster og Solvorn.
2019-07-15 21:45:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har fått utnemnd sakkunnig NRK Sogn og Fjordane
Politiet har fått utnemnd ein sakkunnig i samband med etterforskinga av brannen i Førde i byrjinga av juli. Dei meiner brannen var påtent og ei kvinne er sikta for forsøk på grovt skadeverk. Kristine Bu er politiadvokat på saka.
2019-07-15 21:05:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kokepåbod oppheva NRK Sogn og Fjordane
Kokepåbodet for Stryn sentrum og omland vert oppheva. Det melder Stryn kommune på sine eigne nettsider. Analysen av vassprøvene som vart tekne søndag ettermiddag viser så langt ingen spor av ureining.
2019-07-15 19:52:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ventar ikkje dekningsproblem i årNRK Sogn og Fjordane
I fjor opplevde både politiet og fleire tusen publikumarar store problem med mobildekninga. No har både Telia og Telenor forsterka mobilkapasiteten på Nordfjordeid. ? Me kryssar fingrane for at det nye systemet skal gå greitt, seier festivalsjef for Malakoff Rockfestival, Arnt ? Ivar Naustdal.
2019-07-15 18:10:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kan verte freda om eitt årNRK Sogn og Fjordane
Singerheimen kan verte freda om eitt år dersom alt går etter planen, melder Fjordingen. Framdriftsplanen er utarbeidd av Stryn kommune og Riksantikvaren. Bygget frå 1921 i Olden var heimen til kunstnaren William Henry Singer Jr.
2019-07-15 15:38:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkuhell i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Politiet melder at det har vore eit trafikkuhell i Steinavegen i Førde. Ingen vart skadde i uhellet. Den eine føraren bles positivt på ei blåseprøve, og vert teken med til legevakt for ei blodprøve. Politiet har kverrsett førarkortet.
2019-07-15 13:25:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire hundre geiter langs E39NRK Sogn og Fjordane
Vegvesenet melder at eit hundretals geiter oppheld seg i og ved vegbana på E39 i Våtedalen. Dei oppmodar bilistar i området om å køyre forsiktig.
2019-07-15 11:46:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brunsviktunnelen open for trafikkNRK Sogn og Fjordane
Brunsviktunnelen på riksveg 15 i Vågsøy er no opna for trafikk etter å ha vore stengd i litt over ein time, opplyser Vegvesenet.
2019-07-15 11:42:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brunsviktunnelen stengdNRK Sogn og Fjordane
Brunsviktunnelen på riksveg 15 i Vågsøy er midlertidig stengd, fordi ein kjetting heng ned frå tunneltaket. Det melder Vegvesenet. Ein entreprenør skal vere på staden om 30 minutt.
2019-07-15 10:33:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kokepåbod til i ettermiddagNRK Sogn og Fjordane
Kokepåbodet for Stryn sentrum og nokre av områda rundt vil truleg vare i alle fall fram til klokka seks i ettermiddag. Det seier fungerande rådmann Johnny Hove. Då ventar kommunen svar på vassprøvene dei har teke, og vil ta ei ny vurdering av påbodet.
2019-07-15 10:02:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Utan jordmorNRK Sogn og Fjordane
Flora kommune er utan jordmorvakt, skriv Firdaposten. Det gjeld frå denne veka og fram til 5. august. I veke 29, 30 og 31 må gravide og fødande kontakte Helse Førde dersom dei treng oppfølging utanfor opningstida til helsestasjonen.
2019-07-15 09:47:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil på taketNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har hamna på taket i nærleiken av avkøyringa til Indre Rød på riksveg 15 ved Stårheim i Eid. Naudetatar er på veg, melder Statens vegvesen på Twitter. Ifølgje politiet har dei som var i bilen, kom seg ut.
2019-07-15 05:15:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må koke vatnetNRK Sogn og Fjordane
I Stryn må innbyggarane koke vatnet. Dette gjeld alle som får vatnet frå vassverket i Stryn, skriv Fjordingen. Ein lekkasje har gjort at kommunen har måtta stengje ned eit større forsyningsområde. Fungerande rådmann seier til avisa at dei ikkje veit om noko er gale med vatnet før analyseprøvar er klare.
2019-07-14 20:00:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kø på Lavik ? Oppedal-sambandetNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen melder om cirka ein times venting på Lavik-sida på ferjesambandet Lavik ? Oppedal.
2019-07-14 18:04:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mykje kø framleisNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen opplyser til NRK at det enno kan ta fleire timar før ventetida går nedover på ferjesambandet mellom Mannheller og Fodnes. Statens vegvesen rapporterer at ventetida er på om lag 40 minutt. NRK har fått tips om at ventetida kan vere enda lenger på somme avgangar.
2019-07-14 16:53:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ventetid på Mannheller-FodnesNRK Sogn og Fjordane
Vegvesenet melder at det er om lag 20 minutt i ventetid på ferjesambandet mellom Mannheller og Fodnes på rv. 5. Trafikken er stabil.
2019-07-14 12:48:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nesten 500 sprang VetenløpetNRK Sogn og Fjordane
Nesten 500 menneske deltok i Vetenløpet i Bremanger laurdag. Det skriv Firdaposten. Vinnaren av herreklassa vart Thorbjørn Ludvigsen frå Varegg, medan Eli Anne Dvergsdal frå Gneist vann dameklassa.
2019-07-14 11:23:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

App har redusert matsvinnNRK Sogn og Fjordane
Mobilappen Too Good To Go har stogga 25.000 måltid frå å ende opp som matsvinn i Sogn og Fjordane sidan 2016, skriv Firda. Florø Bakeri og Konditori er den etestaden i fylket der flest måltid har vorte «redda», med 3338.
2019-07-14 10:04:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Byggjer ut fiber i VikNRK Sogn og Fjordane
Vik kommune har skrive kontrakt med Sognenett AS om utbygging av fiber til alle innbyggjarane i Seljadalen, Ovrisdalen og Bødalen. Det skriv Sogn Avis. Kommunen fekk 2,7 millionar kroner i statlege løyvingar i fjor haust, i tillegg til at dei går inn med 2 millionar sjølv.
2019-07-14 08:21:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Parkeringar kan hindre naudetataneNRK Sogn og Fjordane
Politiet opplyser om parkeringar i Solvornvegen i Luster som kan gjere det vanskeleg for naudetatane og ta seg fram. Dei oppfordrar bilistar i området til å parkere på ein måte som ikkje hindrar naudetatane.
2019-07-13 17:29:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To frå fylket på kokkelandslagetNRK Sogn og Fjordane
Katrine Åsnes Gjesdal frå Førde og Jan Erik Hauge frå Bremanger er valde ut til kokkelandslaget, skriv Horecanytt. Dei skal dermed vere med på OL for kokkelandslag i Stuttgart i februar neste år.
2019-07-13 15:47:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Går saman mot vindkraftNRK Sogn og Fjordane
Aksjonistar går saman for å stoppe vindkraftutbygging, skriv Firda. Det er folk i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger som går saman i eit slikt motstandssamarbeid. Desse fire kommunane er innanfor ei sone som NVE har sagt er eigna for vindkraft.
2019-07-13 11:56:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tissar for hundretusenvis av kronerNRK Sogn og Fjordane
Staten tente i fjor 364.000 kroner på folk som urinerte på offentleg stad innanfor området til Vest politidistrikt. Det rapporterer Stavanger Aftenblad. Det er ikkje nærare spesifisert kor stor del Sogn og Fjordane utgjer.
2019-07-13 10:37:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil frede Wittgenstein-husetNRK Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane fylkeskommune startar arbeidet med å frede Wittgenstein-huset i Skjolden i Luster, skriv Sogn Avis. Føremålet med fredinga er å bevare arbeidsplassen som Ludwig Wittgenstein hadde i Skjolden. Huset vart nyleg gjenreist på originaltomta.
2019-07-13 10:10:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Krasj i tunnelNRK Sogn og Fjordane
Ein bil med tilhengar har køyrt i fjellveggen på E39 i Hornindal, i Kjøshammartunnelen. Ingen personar er meldt å vere skadde etter ulukka, men bilføraren var ikkje på staden då politiet kom fram. Eitt køyrefelt har vore stengt, og bilbergar er på plass. Statens vegvesen melder om mindre skadar på tunnelen. Firda skriv at politiet har beslaglagt førarkortet til sjåføren.
2019-07-13 08:40:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann i køyretøyNRK Sogn og Fjordane
På riksveg 5 ved Grov har eit køyretøy stått i brann. Naudetatane er på staden, melder politiet. Ingen skal vere skadde.
2019-07-13 07:26:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skadd på fjelltur i SognNRK Sogn og Fjordane
Ein mann som vart skadd på fjelltur i Stølsheimen i Sogn er flogen til sjukehuset i Volda. Det skriv Firda. Hovudredningssentralen fekk melding om den skadde mannen klokka 18:42 og sende eit redningshelikopter for å plukke han opp.
2019-07-12 21:50:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Miljøkrav fører til avbestillingarNRK Sogn og Fjordane
Som følgje av nye miljøkrav til cruiseskip har hamna i Flåm fått 31 avbestillingar for 2020. Det skriv Dagbladet. ? Vi i Aurland og Flåm er positive til forskriftene og må innrette oss og dra fordel av situasjonen vi er i, seier hamnesjef Jon Olav Stedje til avisa.
2019-07-12 21:43:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ordensforstyrring på BreimNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 40-åra vert sett i drukkenskapsarrest og meld for ordensforstyrring på Breim. Politiet opplyser at mannen også skal ha vore i klammeri med ein annan mann på staden.
2019-07-12 21:28:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Utsending av ferjekort i gang igjenNRK Sogn og Fjordane
Utsendinga av AutoPASS-ferjekort er no i gang igjen. Det skriv Vegvesenet. I førre veke vart utsendinga av dei nye ferjekorta stogga fordi det var tomt for kort hjå produsenten.
2019-07-12 19:06:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen kl. 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
2019-07-12 18:40:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkuhell i ViksdalenNRK Sogn og Fjordane
Ein motorsykkel og ein lastebil har vore involverte i eit trafikkuhell på fv. 610 i Viksdalen. Motorsyklisten melder om skader i ei skulder, men er oppegåande. Naudetatane er på veg til staden.
2019-07-12 16:13:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal grave etter gull i AurlandNRK Sogn og Fjordane
Eit tsjekkisk firma prøver i desse dagar å finne ut om det kan vere grunnlag for ei gullgruve i Gudmedalen i Aurland. ? Det er ikkje gull alt som glimar, seier Aurland-ordførar Noralv Distad. Han tykkjer det er artig at nokon leiter etter gull, men har lite tru på at det blir Klondyke-stemningar i kommunen.
2019-07-12 13:12:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kampen mot forsuring hastarNRK Sogn og Fjordane
Kampen mot forsuring av hava hastar. Det er den klare meldinga etter at Vestlandsforsking har ferdigstilt eit forskingsprosjektet. ? Vi er allereie farleg nær grensa for det fleire organismar kan tole, seier forskingsleiar Halvor Dannevig. Det vil vere lokale variasjonar i kva påverknad slik forsuring vil ha, men Dannevig seier at forsuring endrar vilkåra for livet i hava. Forsuring kan mellom anna drepe artar som torsken langs kysten vår lever av.
2019-07-12 07:54:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vart henta på festivalNRK Sogn og Fjordane
Ein av deltakarane på countryfestivalen på Breim vart i natt sett i drukkenskapsarresten. Politiet opplyser at mannen skal ha skubba på andre festivaldeltakarar. Han er no meld for ordensuro og får sove ut rusen i arresten.
2019-07-12 07:39:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Store ambisjonar for DimeqNRK Sogn og Fjordane
Ronny og Audun Bakke i Bremanger har store ambisjonar for selskapet sitt, Dimeq. Det melder Firdaposten. I samarbeid med eit polsk teknologiselskap utviklar dei digitale tryggleiksarmband for sjøfolk og oljearbeidarar. Dei har også fått Kongsberg Innovasjon med på laget.
2019-07-12 07:13:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Forbyr rutilprodukt i matenNRK Sogn og Fjordane
Det norske Mattilsynet sit roleg i båten etter at Frankrike no forbyr tilsettingsstoffet titandioksid. Det melder ABC Nyheter. Stoffet, som Noreg er storprodusent av og som Nordic Mining vil vinne ut i Engebøfjellet i Naustdal, blir nytta i både mat og solkrem. Til grunn for forbodet ligg ein studie gjort av det franske instituttet for landbruksforsking, som viser at at stoffet er kreftframkallande. EU er usamde i forbodet, men har tilrådd ein ny studie som er venta ferdig i slutten av juli.
2019-07-12 05:40:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55 herNRK Sogn og Fjordane
2019-07-11 20:52:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna tømmestasjon for bubilarNRK Sogn og Fjordane
Den første tømmestasjonen for bubilar i Selje kommune er no på plass. Det skriv Fjordabladet. ? Dette har vore etterlyst i lang tid frå bubilturistane, seier Merete Nerland, kommunalsjef for tekniske tenester i Selje, til avisa.
2019-07-11 19:51:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Med programleiar Marte Rommetveit.
2019-07-11 18:41:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fremjar motsegn mot utvidingNRK Sogn og Fjordane
NVE fremjar motsegn til planane om å utvide industriområdet på Fossheim, nord for Skei i Jølster. Direktoratet meiner planane ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til skredfare mot utbygginga. Grunnlaget for motsegna fell bort dersom kommunen syter for å etablere sikringstiltak mot skred.
2019-07-11 18:40:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hingst på rømmenNRK Sogn og Fjordane
Ein hingst har stukke av frå beite på Nave ved Bryggja. Det skriv Fjordenes Tidende. Eigarane ber om at folk som oppheld seg i området mellom Beksle, Rimstad og Åsneset er merksame om dei ser spor etter hingsten. Dei beskriv han som ein brunblakk med svart man og hale.
2019-07-11 14:07:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dømd for høg fartNRK Sogn og Fjordane
Mannen i 30-åra som vart målt til 129 km/t i 80-sona på E39 ved Aaberg i Gaular, må no klare seg utan førarkort i seks månader. I tillegg må han betale 12.500 kroner i bot. Fengselsstraffa på 15 dagar blir utsett i to år så lenge han held seg på rett side av lova dei neste to åra.
2019-07-11 09:28:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dyr barnevernsstrid i SognNRK Sogn og Fjordane
Uroa rundt Sogn barnevern har kosta eigarkommunane nær sju millionar kroner. Det skriv Sogn Avis, som har sett på ekstrakostnader som direkte og indirekte kan knytast til uroa i og rundt barnevernet siste åra. Mellom anna har barnevernet kjøpt tenester for over 4,2 millionar kroner frå eit kompetansefirma.
2019-07-11 07:17:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hissig mann sett i arrestenNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 30-åra set i arresten i Førde etter ein fest på ein brakkerigg i Svelgen i natt. Mannen oppførte seg truande og forsøkte å slå til fleire festdeltakarar, mellom anna ein mann i 20-åra. Ingen skal ha blitt skadde. Politiet opplyser at dei har oppretta sak både på ordensuro og kroppskrenking.
2019-07-11 05:13:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Med programleiar Marte Rommetveit.
2019-07-10 20:53:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha med Fjaler og AskvollNRK Sogn og Fjordane
Dei fleste av innbyggjarane i nye Sunnfjord kommune vil la også Fjaler og Askvoll vere med i kommunen om dei ønskjer det. Det viser ei meiningsmåling utført av InFact for Firda. 40,3 prosent av dei spurde vil ha dei to kommunane med i den nye storkommunen.
2019-07-10 20:17:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Med programleiar Marte Rommetveit.
2019-07-10 19:31:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har etterforska trafikkulukkeNRK Sogn og Fjordane
Politiet er ferdige med etterforskinga av ei ulukke der ein bil hamna i fjellveggen mellom Sande og Førde 1. juli, og saka er lagt vekk. Det skriv Firda. ? Avgjersla er tatt ut frå det føraren har forklart og undersøkingane politiet har gjort på staden, seier etterforskingsleiar Askel Rødland til avisa.
2019-07-10 18:08:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Høyangertunnelen opna for trafikkNRK Sogn og Fjordane
Høyangertunnelen på fv. 55 er opna for trafikk etter å ha vore stengd grunna melding om ein syklist i tunnelen. Det melder Vegvesenet.
2019-07-10 15:15:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bø StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.